"Olines ettertanker om et spesielt bilde" p. 2



Og ein dag kom han Lars springende etter henne og gav henne dette biletet, 🔊
og ho sa vel ikkje takk eingong, tenkjer ho Oline,🔊 og ikkje syntest ho vel at biletet var noko særleg, heller, helst var det vel berre noko rableri, syntest ho nok,🔊 men ho tok imot og hengde det der veslehuset og der har det nu hange i alle dei år, tenkjer ho Oline,🔊 og ho synest vel og etter kvart at biletet er vakkert, 🔊 og ho skjøner vel og kva Lars kan ha meint med det biltet, gjer ho vel,🔊 men å seie det! sagt kva han kan ha meint! nei det går vel ikkje,🔊 eg ho kan vel omogeleg seie det, heller, for var det vel ikkje noko vits for han Lars å male biletet, , kan ein vel tenkje, tenkjer ho Oline,🔊 men biletet er fint, det, sjølv om det vel helst er noko rableri,🔊 fordi han Lars har malt det, er biletet fint, det meiner ho nok, ja, om einkvan andre enn han Lars hadde malt det, hade ho ikkje synst at det var noko vakkert, tenkjer ho Oline,🔊 men no synest ho at biletet er vakkert at det nesten er som om ho skal ta til tårene når ho ser det.🔊